Lokal | 28. jan. 2013

Stenger Ulvensletta

Frå klokka 22 måndag kveld kan du ikkje passera Rolls-Royce med bil. Årsak? Vasslekkasje.

Stenger Ulvensletta
Vegen frå Rolls-Royce til Irgenskrysset blir stengt frå klokka 22 måndag kveld. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 28. jan. 2013 21:23

Fylkesveg 160 blir stengt frå måndag kveld. Vegen blir truleg stengt fram til tysdag morgon.

– Årsaka er lekkasje i ein vassleidning, seier leiar for teknisk drift i Os kommune, Marianne Kramer.

Nokre skilt har allereie kome opp og arbeidet startar snart.

– Vi stenger vegen cirka klokka 22, seier teknisk vakt Robert Flister.

– Det er ein liten lekkasje i ein vassleidning som kryssar vegen og går mot Skeie og Hagavik. Det er ein 300 mm tjukk leidning så den må reparerast før den sprekk.

– Opnar vegen før folk skal til jobb og skule i morgon?

– Vi jobbar til vi er ferdig, men vi har nok god margin viss vi seier at vi er ferdig før klokka 6 tysdag morgon. Vi veit aldri, men folk kan nok rekna med at vegen er open i morgon tidleg.

Vil du frå Os til flystripa eller klubbhuset til jakt- og fiskelaget så går det fint, men frå Rolls-Royce til næringsområdet ved Irgenskrysset blir det stengt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.