Stenger slippen
Har du plan om å sjøsetja båten din frå slippen til Oselvarlaget? Då bør du ta det i helga - eller venta ei veke.
Slippen ved Oselvanaustet i Os sentrum er mykje i bruk, men neste veke blir den stengt for vedlikehald.
– Då hamna blei mudra forsvann litt av botnen og massane under ytste del av slippen. Dette har ført til at når det det har vore større båtar på slippen så har det kome nokre sprekker, fortel John Lepsøy.
I neste veke skal ein entreprenør i sving med forskaling og støyping og slippen blir stengt heile veka frå måndag morgon.
– Nærmaste alternativ då blir vel ein krane for eksempel på Båtens Beste, eller slippen ved Bunnpris Vedholmen Landhandel, foreslår John.
– Eller folk kan koma og sjøsetja no i helga, om dei har båten klar.
Mange leiger slippen - nesten like mange betalar
Slippen til Oselvarlaget er open for bruk for alle, og prisen er på berre 100 kroner året, uansett kor mykje du tar båten opp og ned.
– Alt er basert på tillit. Sperrebandet er ikkje låst og giroane ligg i ein open postkasse på ei søyle på naustet.
– Det går 150-200 giroar ut i året, men det ser ut til at det er ein del som gløymer seg, for vi får berre betaling frå rundt 3/4 av giroane.
Oselvalaget vil be kommunen ta rekninga for reparasjonen av slippen, sidan årsaka til skadene kom frå mudringa kommunen bestilte.