Samferdsle | 16. sep. 2021

Stenger sentrumskjerna for biltrafikk laurdag

Kommunen skal markera Mobilitetsveka.

Stenger sentrumskjerna for biltrafikk laurdag
Osøyro blir stengt for biltrafikk ved dei fire raude strekane. (Kart: Bjørnafjorden kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. sep. 2021 10:14

I samband med markering av Mobilitetsveka 2021 vil Os sentrum vera stengt for biltrafikk frå klokka 8.30 til klokka 16 laurdag 18. september, opplyser Bjørnafjorden kommune.

Sentrum blir stengt for biltrafikk fire stadar. Sjå kartet over.

Europeisk mobilitetsveke 2021 har temaet «bærekraftig transport», med slagordet «hold deg sunn - reis bærekraftig».

Mobilitetsveka skal markerast med blant anna gratis uteyoga på Oseana og gratis sykkelservice på Osøyro. Det kan bli ekstra mange syklistar i sentrum denne dagen.

Vilvite kjem også, og skal halda show utanfor rådhuset.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.