Stenger - og opnar - frå i morgon
Dei nye bommane, som skal rydda plass for fleire kundar i Os sentrum, er i ferd med å bli ferdigmonterte.
For to veker sidan fortalte Os kommune at dei vil få bom rundt parkeringsplassen framfor rådhuset igjen.
• Les òg: Stenger med bom for å betra parkeringa
No skal bommane snart vera i drift.
– Dei skulle vore i bruk i førre veke, men er litt forseinka, fortel leiar for Tekniske tenester i Os kommune, Marianne Kramer.
– Det ser ut til at alt blir klart i løpet av dagen så bommane kan vera nede i natt og opna i morgon.
Stengt frå midnatt til klokka 9
Parkeringsplassen framfor rådhuset er, som dei fleste plassane i sentrumskjerna berre for inntil 2 timar parkering (gratis).
Målet med bommane er å hindra misbruk av parkeringsplassane, at folk med jobb i sentrum, eller pendlarar, skal bli tvinga til å setja bilen andre plassar enn der kundane og andre besøkande skal kunna setja frå seg bilen sin.
På området som no blir stengt med to bommar er det cirka 60 parkeringsplassar.
I vedlagt kart kan du sjå alle parkeringssonane i Os sentrum.