Stenger i dag
Grunna lite gytefisk blir det frå og med i dag ikkje lov å fiska villaks i Oselvo. Fiske av aure og oppdrettslaks held fram som før.
- Det er veldig lite gytefisk i Oselvo i år, så vi har sendt ut rapport og melding om at all uskadd villaks skal setjast ut igjen, seier Olav Valle.
Valle er leiar for både fagrådet og eigarlaget i Osvassdraget.
- Men kvoten for sjøaure er framleis 1, og det er ope for fiske av oppdrettslaks fram til fisket sluttar 15. september.
Lite gytefisk, men bra med yngel
Årsaka til at elva stenger er at det er lite gytefisk i Oselvo.
- Det var lite i fjor og endå mindre i år.
Det har likevel vore bra med yngel, i alle fall fram til no.
- Mengda med yngel har vore optimal. Men det blir spennande å sjå på neste teljing, ikkje berre fordi det er lite gytefisk, men fordi gjeddebestanden er større.
Bra oppdrettsfiske
Etter 15. september er det stengt for dei fleste, men ei gruppe på fire fiskarar frå fiskelaget driv kontrollfiske av oppdrettslaks utover hausten.
- Det har vore veldig bra fiske av oppdrettslaks i elva i år, det er bra at fiskarane har vore så flinke med å ta opp så mykje.
- Rundt 300 kilo rømt oppdrettslaks er tatt opp, og det er meir enn på mange år.
Topp 5
Kjell Olsen tok årets Oskar 13 dagar etter opningsnatta, ein villaks på 3,9 kilo. Olsen har også tatt årets største, ein oppdrettslaks på 8,0 kilo.
Dei største fiskane som er tatt i år:
1. plass - Kjell Olsen - laks 8.0 kg (Oppdrett) - Sone 2
2. plass - Kjell Morten Søvik - laks 7.9 kg (Oppdrett) - nedanfor Steinhølen
3. plass - Svein Hansen - laks 7.7 kg (Oppdrett) - Sone 2
3. plass - Kjell Morten Søvik - 2 stk laks 7.7 kg (Oppdrett) - Klekkerihølen
3. plass - Bård Lyssand - laks 7.7 kg (Oppdrett) - Kvernhushølen
Kjelde: prohd.no