Stenger Giskavollen fram til juli
Dette er planane for framdrifta.
Frå neste veke startar omfattande gravearbeid i krysset med Giskavollen.
Siril Langhelle er prosjektingeniør i Bjørnafjorden kommune.
– Ny vassleidning vil bli lagt heilt opp til Os Barneskule med krysset i Klokkargarden, opplyser Langhelle.
Arbeida medfører at Giskavollen vert stengt for gjennomkøyring medan arbeidet pågår.
Bjørnafjorden kommune og utførande entreprenør Fyllingen Maskin AS, vil frå måndag 8. januar starte arbeid med legging av nye hovudleidningar for vatn og avløp i Giskavollen.
Det skal i tillegg leggast ny kabelgrøft og etablerast fortau langs kyrkjegarden, frå Giskavollen parkeringshus og fram til gangsti ned mot Byvegen.
Det er planlagt for følgande framdrift:
- Måndag 8. januar – 29. januar: Giskavollen er stengt for innkøyring frå Landboden
Tilkomst til p-hus frå Giskavollen/Os barneskule - Frå måndag 29. januar: Giskavollen er stengt for innkøyring frå Giskavollen/Os barneskule
Tilkomst til p-hus frå Landboden
– Arbeida i sin heilheit opp til Os barneskule med Klokkargarden er forventa å vara til juli 2024, informerer Langhelle.
Endring i køyremønster vil bli varsla etter kvart.
Tilkomst til parkeringshuset i Giskavollen skal oppretthaldast i heile perioden.