Stenger gangveg fram til mai
Gangvegen mellom Meny og Amfisenteret blir stengt frå tysdag 10. januar.
Os kommune skal skifta vass- og avløpsrøyr langs Byvegen, og må stenga gangvegen mellom Meny og AMFI Os.
Gangvegen blir stengt frå tysdag 10. januar til midten av mai.
– Alle som skal gå eller sykla strekninga mellom Meny og Amfisenteret må bruka undergangen ved Meny, gå vidare langs Plantasjen, Kiwi og til undergangen ved Amfi, melder Os kommune, og viser til kart.
Det er entreprenør Vassbakk & Stol AS som utfører arbeidet for Os kommune.
Held fram i fem år
Utskiftinga er del av ei større opprusting.
– Arbeidet vi no startar med, er første del av ei større oppgradering. I løpet av dei neste fem åra skal vi skifta hovudrøyra heilt frå Ulvenskiftet til Osøyro. Røyra som ligg på denne strekninga er i dårleg stand, og ligg i dårlege massar.
– Nye og større røyr sikrar reint vatn til området og vidare ut i kommunen, og at alt det brukte vatnet når fram til reinseanlegget utan å lekke ut undervegs.