Stengde brygga
Stormen for hardt med brygga. Brannvesenet reagerte kjapt.
1. juledag blei brygga framfor Vindu mot Fjorden stengt.
– Stormen og bølgjene har fore hardt med brygga ut mot Haugsnesmoloen.
– Eg ringde teknisk vakt 1. juledag. Det var alt for risikabelt om det kom nokon med barnevogn på tur der, men dei var opptekne.
– Då eg i staden ringde brannvesenet reagerte dei lynraskt og var her i løpet av 30 minutt, fortel ein av bebuerane i boligane mot fjorden.
Bølgene frå Bjørnafjorden har gravd unna fundamentet eller knekt stoplen brygga kvilar på slik at den no heng meir eller mindre i lause lufta.
– Det har blitt enno verre i løpet av 2. juledag.
Truleg må ein venta til vinden, og bølgjene løyer, får ein kan sjå nærmare på kva som er årsaken til skadene.