Lokal | 19. des. 2010

Stemningsfull hogst

Barnas Turlag samla søndag små og store til juletrehogst og leirbålkos i skogen til Olav Botnevik.

Stemningsfull hogst
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 19. des. 2010 21:30

For tredje år på rad arrangerte Barnas Turlag Os i dag juletrehogst på Kuven.

I Olav Botnevik sin vesle skog sto det tett med gran og edelgran og det såg ut som om alle fann eit passe symmetrisk og tjukt tre dei kunne ta med heim.

- Det går med rundt 15 tre på ein sånn dag, men det viktigaste er at det er kjekt med denne type besøk, seier bonden Botnevik.

Midt i skogen riggar turlaget til leir med bål og sponsa snadder til ivrige skogarbeidarar.

- Dette er ikkje så krevjande som tur, men ein kjekk ting å gjera saman før jul, seier turleiar Svein Hausberg frå Os Turlag.

- Os Turlag, som Barnas Turlag er underlagt, betaler litt snop, kaffi og peparkaker, medan Toro har sponsa oss med Solbærtoddy og kakao.

Arrangementet er ope også for folk som ikkje er medlem, i håp om litt rekruttering.

- På nyåret er vi i gang med turar igjen, første tur går til Slåtthaug for å stå på skøyter. Men har vi is i Os så blir vi i heimbygda, seier Hausberg.

Os Turlag sin kalender finn du på Bergen Turlag sine heimesider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.