Lokal | 06. feb. 2018

– Steler varer for å bli med i Snapchat-nettverk

Unge gutar og jenter sender bilde av tjuvgods for å bli «med i gjengen». I andre enden sit gjerne ein 17-åring og driv med heleri.

– Steler varer for å bli med i Snapchat-nettverk
Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 06. feb. 2018 13:53

I dag la Os lensmannskontor fram statistikk for 2017. Denne viser blant anna ein nedgang både innan vinning, frå 172 til 149 saker, og økonomisk kriminalitet (frå 92 til 67 saker).

Samtidig ser politiet i Os på aukande bruk av sosiale media blant unge som noko som kan føra til stadig nye utfordringer.

– Vi opplever ei aukande mengde foreldre som kontaktar oss etter at ungen deira har blitt utsett for nettmobbing. Det kan vera alt frå stygge meldingar sendt direkte til statusoppdateringar der gjerningspersonen gjerne også taggar den det gjeld, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Ofte gjeld dette born under kriminell lågalder, altså 15 år. Slike saker fører ofte til bekymringssamtalar. Der møte politiet som oftast foreldre som ikkje visste om dette, og som viser at dei tar saka på alvor. Politiet samarbeider òg med skulane om emnet «digital mobbing».

Eit anna, noko nyare fenomen, er bruk av sosiale media til å danna gjengar som driv med tjuveri frå butikkar.

Steler varer for å få status

Etter avsløring av butikktjuveri utført av ungdom under kriminell lågalder har det blitt avslørt at vedkomande har tatt bilde av vara som blei stole og sendt inn til ei gruppe i eit sosialt media, blant anna Snapchat.

– Vi har eksempel på gutar på 13-14 år som har stole i butikk for å senda bilde til andre, omtrent som eit opptakskrav i ein gjeng.

Gjengen kan ha større geografisk utstrekking og inkludera også eldre personar.

I starten kan tjuveri av småting vera nok, seinare blir det status å stela dyrare ting, som ein jakke til 4000-5000 kroner.

– Ungane kan kanskje angra seinare, men når dei først er inne i gjengen kan andre få kontroll over deg. Dei kan for eksempel truga med å avsløra for andre at du er ein tjuv.

Framande kan få sporing på ungen din

Bruk av sosiale media generelt kan ha sine bakdeler, både når det kjem til umoden åtferd og mobbing, og når det gjeld kontakt med framande.

– Vi opplever at born ned til 1. og 2. klasse bruker sosiale media. Foreldre veit ofte lite om dei noko nyare media, for eksempel at dei som bruker Snapchat, med mindre dei aktivt skrur av denne funksjonen, er synlege for venane sine i eit kart, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

– Når det i tillegg er utstrakt brukt av kallenamn på Snapchat, folk veit gjerne ikkje kven dei legg til som kontakt før dei har akseptert vedkomande, så kan ungane få kontakt med framande som i tillegg veit kvar dei er til ei kvar tid.

– Foreldra bør ha interesse for å læra

Felles for mange foreldre til ungar som er utsett for ubehageleg ting via nett, er at dei ikkje visste.

– Det kan vera lett å tru godt om sine eigne, og å lata ungane sitja og leika og spela på iPad og telefon. Skulane driv mykje godt informasjonsarbeid, men det er dei nærmaste som har hovudansvaret for tryggleiken, åtferda og oppdraginga til kvart enkelt born, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

– Alle foreldre bør ha interesse for å læra om ulike media, og å snakka med ungane om bruk av desse, ikkje berre éin gong, men å halda ein open dialog om kva dei driv med og kven dei har kontakt med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.