Lokal | 16. mai 2019

Steinneset blir innestengt

Måndag blir desse bustadane ramma av stengt veg i rundt seks timar.

Steinneset blir innestengt
Blå markering viser kva eigedomar som blir råka av stengt veg i perioden. (Kart: Os kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. mai 2019 13:33

Os kommune stenger Steinneset for biltrafikk frå klokka 9 måndag 20. mai.

Vegen blir stengt ved Steinneset 14.

– Årsaka er graving for å utbetra dreneringa i området, fortel ingeniør Robert Flister i tekniske tenester i Os kommune.

Vegen blir stengt fram til klokka 15, eller fram til arbeidet er ferdig.

– Ved dårleg vêr eller uventa vanskar kan arbeidet ta lengre tid.

Vegen kan bli opna for køyretøy under utrykking.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.