Steinar og Fredrik reddar jula
Musikar Steinar Lyssand og restaurantsjef Fredrik Schult saknar OBJ-gjengen, men tar opp arva og arrangerer romjulsblues på Peppes.
Gitarist og vokalist Steinar Lyssand, blant anna kjent frå bandet Blue Note Shuffle, synest saman med Peppes-sjef Fredrik Schult at det er trist at Osøren Blues & Jazzfestival har lagt ned.
– I tillegg til å laga folkefest i Os kvar juni sidan 1999, har dei halde blues-publikummet varme med fleire konsertar gjennom vinteren.
– Dei har gjort veldig mykje bra for Os, slår dei to fast.
Begge har hatt mykje med festivalen å gjera, Steinar som innleigd artist, Fredrik som samarbeidspartnar både under festivalen og med faste blueskveldar på Peppes gjennom haust, vinter og vår.
Tar tak i romjula
Peppes Pizza på Os vil halda fram med livemusikk med ujamn frekvens gjennom vinteren. For to veker sidan var Lyssand med bandet Buzz of Trouble og lagde stemning i restauranten.
– Så tenkte eg på romjula, og den tradisjonsrike og populære romjulsbluesen Osøren har arrangert. Eg fekk Steinar med og vi har no bestemt dato, seier Fredrik.
Steinar stiller med resten av Blue Note Shuffle på romjulsblues på Peppes laurdag 28. desember.
Varma opp på Voss
Blue Note Shuffle består av Steinar Lyssand (vokal og gitar), Torbjørn Kristiansen (bass) og Kjell Arne Haringstad (trommer).
Det siste året har bandet lagt delvis på is, medan Lyssand har drive litt som frilansmusikar.
– Men vi hadde oss ein kjekk jobb saman på Voss for cirka ein månad sidan, på festival på Fleischers hotell.
– Arrangørane spådde rundt 150 publikummarar, men det kom cirka 300.
Kapasitetsproblem på Peppes
Når Peppes arrangerer romjulsblues kan det bli med fare for tidleg fullbooking.
– Vi veit at det gjerne har vore over 300 på desse konsertane. Vi kan selja 150 billettar.
– Førebels er det berre tenkt éin kveld, men vi har ein dato i parantes om billettsalet skulle ta heilt av.
Billettane blir lagt ut for sal på tampen av november.