Staseleg skute innom Os
På veg til Tall Ship Races i Bergen kom svenske «Vega Gamleby» onsdag innom Os.
Den er ikkje like stor som 98 meter lange «Statsraad Lehmkuhl», som besøkte Os i midten av juni, men ei flott skute og nokre år eldre, 39,25 meter lange «Vega Gamleby».
Onsdag kveld kom den svenske skonnerten frå 1909 inn til Os hamn, i morgon skal dei siste skutene vera på plass i Bergen til Tall Ship Races.
Tall Ship Races starta onsdag og held fram til søndag.
I programmet for torsdag skal dei siste skipa koma inn til Bergen koma mellom klokka 10 og 15. Fleire av desse blir nok å sjå i Bjørnafjorden og Korsfjorden på morgonen og formiddagen.
Mellom klokka 14 og 15 skal Statsraad Lehmkuhl, Christian Radich og Sørlandet koma saman inn til Bergen.
Her kan du sjå alle skutene som deltar i år og lesa meir om arrangementet.