Starten på hektisk øving
I helga var store delar av Havfest-ensemblet samla til øving. Med 16 nye born, 8 songarar frå Griegakademiet og 5 dansarar frå Bordar er det mykje som skal lærast.
24. mai er det nypremiere på folkeoperaen Havfest i Oseana.
- Det blir ei heilt anna oppleving enn sist, mellomanna grunna ein heilt ny scenografi, fortel produksjonsassistent Liv Kristina Rognsvåg medan ensemblet øvar på harde livet i gymsalen på Søre Neset skule.
Fann talent på skule
At det er mykje å øve på for mange er det ikkje tvil om.
- Vi har heile 16 nye ungar og ungdom med i årets framsyning.
- I tillegg har vi fått med 8 vakre røyster frå Griegakademiet og 5 dansarar frå Bordar.
- Desse "fann" Glenn Erik og Heidi då dei var på jakt etter nye havprinsar tidlegare i vinter, fortel Rognsvåg.
- Det let allereie heilt fantastisk, skyt ein entusiastisk Glenn Erik Haugland inn mellom instruksjonane.
Elias og damene
Som Midtsiden skreiv om i januar har det unge talentet Elias Grimstad Salbu blitt headhunta til ei ny og større rolle i årets framsyning. Då vi snakka med ungguten og komponist Glenn Erik Haugland den gong etterlyste dei ei jente som kunne spele kjæresten til Elias sin rollefigur.
No har Elias fått seg damer, ja faktisk i fleirtal. Tvillingane Enya og Emily Johnsen skal alternera på å spele rolla som Gyrid.
- Det blir bra dette, med to kjærester, smiler Elias.
Var med sist også
Jentene har han spelt med tidlegare då dei også hadde mindre roller i den førre oppsettinga av Havfest.
- Vi spelte barn i Gurifolket sist, fortel Emily.
- Det skal vi forsåvidt gjera no også, skyt Enya inn før ho legg til at den av dei som ikkje spelar Gyrid, skal spele Gurifolk i staden. Dei to tvillingssøstrene reknar med at dei speler Gyrid i annankvar framsyning når det heile dreg seg til i sluten av mai.