Startar ungdomsklubb
Foreldre på Nore Neset tar initiativ til å starta ungdomsklubb. – Ungdomane sjølv skal få bestemma innhaldet, fortel Jan Kristian Rokne.
Ei gruppe foreldre har sidan nyttår planlagt oppstart av ungdomsklubb på Nore Neset.
– Det skal vera ein plass kor ungdomane kan samlast og vera saman i ulike aktivitetar.
– Førebels har vi fått plass i Nore Neset Aktivitetshus på tysdager, men vi er i samtalar med skulen om å få disponera lokaler der på fredager, fortel initiativtakar Jan Kristian Rokne.
Klubben har mellom anna fått tilgang på fotballspel, airhockey, biljard, bordtennis, brettspel, playstation.
– Det er òg kjøpt inn eige musikkanlegg i lokala vi disponerer i aktivitetshuset, så diskotek ein gong i månaden er noko vi håpar å få til.
Enorm respons
Rokne fortel om ein enorm respons i lokalmiljøet etter at planane blei kjende.
– Nore Neset Grendalag var raskt på banen og ville bidra, så vi blir eindel av grendalaget.
– I tillegg har Nore Neset Sanitetsforening stått for innkjøpet av musikkanlegget til klubben.
– På toppen av det heile kom Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i kommunen med eit oppstartstilskot på 10 000 kroner då vi hadde eit møte med han for å høyre om erfaringane frå ungdomsklubben i Os sentrum, smiler Rokne.
Opnar 4. mars
Første klubbkveld blir tysdag 4. mars.
– Fram mot opninga rettar vi innsatsen mot å få flest mogleg frivillige vaksne til å ta i eit tak.
– Vi treng fire kvar tysdag og seks dei fredagane det blir diskotek. Jo fleire vi er, jo mindre arbeid blir det på kvar av oss.
– Om det er nokon som har lyst å bidra er det berre å ta kontakt med meg, avsluttar Jan Kristian Rokne, som legg til at dei har oppretta ei eiga side på facebook for å spre informasjon om klubben.