Helse | 27. sep. 2022

Startar opp kurs for personar som slit med den psykiske helsa

Eining for psykisk helse- og rustenester startar gratis kurs for folk som slit med den psykiske helsa: – Dette er eitt av fleire tilbod vi vil lansere.

Startar opp kurs for personar som slit med den psykiske helsa
PSYKISK HELSE: Kurset er eit gruppetilbod som går over fem måndagar i oktober og november. Foto: (Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveitysdag 27. sep. 2022 10:21

Er du nedstemt, eller slit du med angst, stress og låg sjølvkjensle? Du er langt ifrå åleine om å ha det slik - og det er god hjelp å få.

Eining for psykisk helse- og rustenester i Bjørnafjorden kommune startar no opp eit kurs for personar over 16 år som slit med den psykiske helsa, til dømes nedstemtheit, angst, stress eller låg sjølvkjensle.

Det melder kommunen på sine nettsider.

Kurset er eit gruppetilbod som går over fem måndagar i oktober og november.

– Dette kurset er eitt av fleire tilbod vi vil lansere i løpet av nærmaste framtid, fortel konstituert einingsleiar Maria Therese Bjørdal.

Tilbodet er gratis.

Kognitiv åtferdsterapi

Kurset er basert på behandlingsforma kognitiv åtferdsterapi. Som handlar om innsikt i samanhengen mellom tankar, handlingar og følelsar.

– Tilboda er retta mot deg som er i ein vanskeleg livssituasjon, med lette til moderate psykiske helseutfordringar. Ved behov for akutt psykisk helsehjelp, skal du ta kontakt med fastlegen eller legevakta, seier Bjørdal.

Du jobbar med eigne utfordringar undervegs, og får nokre nyttige verktøy til vegen vidare.

Eit viktig mål er å bryte dei sjølvforsterkande onde sirklane som opprettheld psykiske helseproblem.

For meir informasjon om kurset og kursdatoane sjå Bjørnafjorden kommune sine nettsider.

Kva går eigentleg eit slik kurs ut på? Sjå filmen med Harald og Herdis - tidlegare deltakarar på tilsvarande gruppetilbod i Bergen kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.