Kultur | 27. nov. 2011

Startar litteraturfestival i Os

WT lever: Trioen som starta den internasjonale filmfestivalen i Os er tilbake med nye planar.

Startar litteraturfestival i Os
F.v.: Frode Sirevåg, Vidar Mæland og Kjetil Fossåskaret er allereie i gang med å førebu litteraturfestival i Os i 2012. (Foto: Vidar Langeland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 27. nov. 2011 09:26

Relanserer WT Festivalen, no som litteraturfestival:

– Vi følte WT-namnet måtte brukast til noko, det låg liksom berre der, seier Frode Sirevåg.

WT var namnet på filmfestivalen i Os, som Sirevåg starta saman med Vidar Bratlund Mæland og Kjetil Fossåskaret i 1999.

Filmfestivalen har no fått både nytt namn og nye folk i styre og stell. WT-namnet var plutseleg ikkje i bruk lenger.

Gamal helt - ny festival

WT kjem frå Wilfred Target, ein seriehelt skapt av kunstnar og forfattar Vidar Bratlund Mæland. Og helten lever framleis.

– Vi ville bruka namnet vidare til noko. Eit frukostmøte blei brått eit stiftelsesmøte. Under frukosten, onsdag 2. november, blei WT Litteraturfestival registrert i Brønnøysund.

Fotosession blei neste steg, ein kan ikkje starta festival utan plakat. Fotograf Vidar Langeland stilte som vanleg opp for Mæland med venar.

WT-logoen er fornya og websida oppdatert, frå film til litteratur.

Galskap på trygg grunn

Sirevåg-Mæland-Fossåskaret er kjent for å vera spontan, besluttsam og fargerik og for å gjennomføra ting på ein rar blanding av uformell, elegant og humoristisk måte.

Vi treng ikkje nemna meir enn galla i Fjellheim, Anna Sofia-video med Frode Vidars i Mobergsvikjo og flosshatt, kjole og kvitt på Amandaprisutdelinga i Haugesund.

– Vi held nok på stilen, men føler likevel at vi no startar noko vi bør ha gode føresetnadar for å lukkast med, seier Sirevåg.

Dei tre har alle lang erfaring med å laga festival. I tillegg er Vidar forfattar, Kjetil liker å skriva og Frode glad i bøker generelt.

– Så har Vidar erfaring frå bokkveldar i Solbakkestova og ei mor som er meir erfaren forfattar. Bente har vore på fleire litteraturfestivalar og kan gje oss tips.

Finn forma fram mot november 2012

Sjølv om WT-trioen er dus med fleire forfattarar, blant anna Gunnar Staalesen, er dei bestemt på å finna opp krutet på nytt.

– At ingen av oss har vore på ein litteraturfestival frå før ser eg på som ein styrke. Vi kjem nok til å lytta på tips, men vil gjera dette på vår eigen måte, utan å ha noko å sjå opp til eller kopiera, når vi no skal definera kva WT Litteraturfestival skal bli.

Sirevåg og Co siktar seg inn mot november 2012 for første festival, men vil ha fleire WT-relaterte arrangement fram til den tid.

– Os vil nok få oppleva at det er noko på gang, vi kjem til å ha fleire engasjerande aktivitetar fram mot festivalen. Alt frå novellekonferanser til konkurransar kan koma utover i 2012.

Drøymer om Oseana

– Kvar skal festivalen arrangerast?

– Målet er sjølvsagt å bruka Oseana, kunst og kulturhuset vårt, til hovudarrangementa. Dialogen er nettopp starta, så vi får sjå kva vi får til.

– Men vi trur uansett at det vil vera passande å spreia arrangementa over fleire stadar i Os.

– Og kva skal festivalen innehalda?

– Messe, foredrag, kurs, konkurransar, mykje retta mot ungdom og unge skribentar - vi har mykje på blokka, no gjeld det å sortera seg fram til eit samla sett bra opplegg.

– Og vi har høge mål, vi vil skapa ein fagleg god festival med nasjona appell, seier Frode Sirevåg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.