Lokal | 01. mai 2015

Startar innsamling for Nepal

Kirkens Nødhjelp jobbar med å hjelpa dei overlevande i jordskjelvområdet. Osingar arrangerer innsamlingsaksjon og etterlyser bøssebærarar.

Startar innsamling for Nepal
Øyvind Hægland, Vidar B. Mæland og Arvid Tveit i aksjonsgruppa søker no bøssebærarar. (Foto: Jan Petter Svendal)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. mai 2015 09:19

Nepal blei laurdag 25. april ramma av det kraftigaste jordskjelvet sidan 1934. Rundt 6000 er stadfesta omkomen og over 11.000 er skadd.

Kirkens Nødhjelp jobbar med å sikra reint vatn og gode sanitærforhold i landet, der blant anna redningsmannen Erik Walden frå Os med NORSAR driv søk og redning.

Os kyrkjelyd vil arrangera innsamlingsaksjon i Os fredag 8. mai og laurdag 9. mai, og frivillige har blitt med i ei aksjonsgruppe.

– Meld deg som bøssebærar

– Vi treng bøssebærarar til denne dagen, seier Øyvind Hægland, Vidar B. Mæland og Arvid Tveit i ei pressemelding frå kyrkjekontoret.

Aksjonsgruppa treng bøssebærarar til å stå i Os sentrum, på Amfisenteret og ved nokre av daglegvarebutikkane frå klokka 15 til 19 desse dagane.

Vil du melda deg som bøssebærar? Ring Os kyrkjekontor på telefon 56 57 24 00 eller bruk epost post@os.kyrkja.no.

(Du kan også støtta Kirkens Nødhjelp i Nepal ved å sende NØDHJELP til 2468 (200 kr), eller bruke kontonummer 1594.22.87426.)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.