– Står og trippar
Motocross-folket håper på dobbel tjukkleik på isen på Ulvenvatnet. Då kan det nemleg bli iskøyring.
Då Midtsiden var på Ulvenvatnet saman med John Lepsøy torsdag førmiddag målte vi istjukkelsen til 9 og 10 cm blank og fin stålis, noko som gjer at skøyteløparar i løpet av morgondagen eller laurdag kan bruka isen.
Nokon som må venta litt lenger er køyrarane frå Os MC & MX-klubb.
– Vi må nok ha ein is på 20 cm før vi kan køyra på den. Banen blir såpass slitt når vi køyrer, så vi må ha litt å gå på, fortel Kalle Pedersen.
Motocross-klubben fekk i desember 2014 ei prinsipiell tilslutning frå plan- og bygningsutvalet, noko som gjer at dei berre treng kontakta administrasjonen for å få det naudsynte løyvet.
– Det blir mykje snakk om vêret oppe på banen om dagen ja. Det er mange som står og trippar og håpar at kulden held seg.
– No har vi vore heldige i haust og hatt køyring heilt fram til jul på den ordinære banen, men med barfrosten som no er kan vi ikkje køyre der. Det er rett og slett for farleg. Det kan fort få store konsekvensar om nokon fell av sykkelen i eitt hopp, avsluttar Pedersen.
Her kan du sjå korleis cross-klubben hadde det då dei køyrde på Ulvenvatnet i januar for tre år sidan.