Stampar mot sjøen
Politikarane har hatt utviklinga av Os hamn på agendaen i 8 år. – Eg føler vi har gått litt i ring og i stampe. No må vi få kartlagt kva som er mogleg, seier Espen Aspenes (Frp).
Då kommunestyret handsama budsjettet for 2013 i desember i fjor fatta dei eit verbalvedtak kor ein ba om ei opprusting av Os hamn:
"Kommunestyret har tidlegare vedteke utvikling av Os Gjestehamn m/straum, vatn, internett og informasjon til fritidsbåtflåten. Dette er hittil ikkje realisert, og kommunestyret ber no om at dette prosjektet vert prioritert – slik at Os Gjestehamn er klar til lansering før båtsesongen 2013.
Kommunestyret ber også om ein ny analyse for vidare utbygging av hamna med ytterlegare skjerming/molo og fleire småbåtplassar for utleige. Os Hamn har potensiale til å bli ein av vestlandets flottaste gjestehamner, noko som vil bety mykje for framtidig handel og utvikling av Fjordbyen Os. Dette potensialet må utgreiast nærare, gjerne som del av Prosjekt Liv på Øyro."
– Kva er gjort. Vi har hatt Os hamn på agendaen dei siste åtte åra. Eg føler vi har gått litt i ring og i stampe. No må vi få kartlagt kva som er mogleg og kva som ikkje er mogleg. Verbalforslaget må bli følgt opp, argumenterte Espen Aspenes (Frp) på budsjettkonferansen førre veke.
Ser på ny bølgebrytar
Leiar for prosjektavdelinga i kommunen, Tor Inge Døsen fortalde at dei har jobba vidare med hamna i løpet av det siste året.
– Avtale ift grenseoppgang mellom Os Sjøfront og Os kommune er på plass.
– Det ligg i porteføljen mellomanna ei ikkje utbygd gjestehamn. I tillegg ligg det fantastiske moglegheiter i ytre hamnebasseng om vi får temma sjøen.
– Det vil gje auka aktivitet i det ytre hamnebassenget og ein vil kunne realisera dei 100 båtplassane ved Os sjøfront.
– Vi må finna ein bølgebryter som er betre enn den eg i si tid la ut. Det har verken eg eller ordføraren funne så langt.
– Eg kan derfor ikkje seie kva noko slik vil kosta, svarte Døsen.
Kva med stein?
Marianne Hjelle (Frp) peika på at ein både i drivinga av tunellane på E-39 og ved bygginga av OHARA vil få store mengder stein tilgjengeleg.
– Kan ein ikkje bruka noko av all den steinen vi får til bygda?
– Alt er mogleg, men det vil vera miljømessig feil å køyre den steinen ut på moloane for å tippa den.
– Då tenkjer eg på bumiljøet. I så fall må steinen lastast over på lekterar og fraktast til hamna via sjøen, svarte Døsen.
Kreativ finansiering trengs
Skal ein temja Bjørnafjorden i høve hamna treng ein å finna kreative finansieringsløysingar. Ein ting var både politikarar og administrasjon samde om. Dette er ein "kjekt å ha oppgåve" meir enn noko ein må ha.
– Vi må få ein rapport som gjev oss moglegheiten til å ta eit vegval.
– Om vi får det til, trur eg det er eit av dei viktigaste enkelttiltaka i høve å få liv på øyro, men strengt tatt er det eit "nice-to-have"-prosjekt. Vi må finna dei kreative økonomiske modellane. Det kan ikkje konkurrera med dei investeringane og drifta vi treng på basistenestene våre, påpeika ordførar Terje Søviknes, som samstundes peikte på Haugsneset.
– Det ligg eit potensiale ute på Haugsneset, innforbi den gamle moloen. Det er ikkje sikkert vi skal realisera det som ligg i reguleringsplanen der no, men sjå om det finnst løysingar som kan gje eit finansielt grunnlag for temjing av fjorden.