Stal skilt
Politiet etterlyser vitne etter tjuveri av registreringsmerke på bil midt på dagen måndag.
Måndag fekk politiet melding frå ein bilist som brått sto utan skilt på bilen sin.
– Bileigar fortel at ho var innom Er-An Veikro på Røykenes. Då ho kom ut var skilta vekke, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Dette var midt på dagen måndag og politiet etterlyser vitne. Tips kan ringast inn på 56303900.
OPPDATERT:
Hos Er-An Veikro kan dei ikkje forstå at skilta har blitt stole akkurat der.
– Dette var i 13-14-tida på dagen. Det var berre tre bilar på parkeringsplassen, dessutan var ein av våre tilsette utanfor og lufta hunden, fortel Linda Andersen.
– I tillegg var det full aktivitet på bilverkstaden og kjøring av bilar til og frå parkeringsplassen.
– Store delar av området er kameraovervaka. Eg synest det er rart om nokon har klart å snika seg til å stela eit skilt i denne perioden, men om nokon har vore så frekke håper eg inderleg at dei blir tatt! seier Linda.