Stal pengar på Kongshaug
Politiet har fått melding om fleire tjuveri ved Kongshaug Musikkgymnas.
Torsdag forsvann eit pengeskrin med rundt 6000 kroner frå Kongshaug Musikkgymnas. I tillegg skal fleire elevar ha mista mindre pengebeløp.
– Rommet der skrinet sto var ulåst berre nokre minutt, fortel rektor Oddvar Rotvik.
Politiet har hatt ein person inne til avhøyr. Vedkomande hadde status som mistenkt.
– Etter avhøyret finn vi ikkje grunnlag for å halda vedkomande mistenkt lenger, seier politibetjent Tom Johannessen.
– Ikkje like ope lenger
Rektor Rotvik seier han ikkje kan hugsa sist det har vore tjuveri eller innbrot ved skulen.
– Vi lever saman som ein familie, der det meste står ope frå morgon til kveld.
– No har vi bedt alle vera meir varsame. Det gjer ikkje noko om folk blir flinkare til å passa på tinga sine, men vi liker naturlegvis ikkje at det har blitt naudsynt.
– Vi veit heller ikkje om det er nokon utanfrå som har stole, eller om det er ein av våre eigne. Om beløpet ikkje er så stort så ser vi likevel alvorleg på saka, seier Rotvik.