Stal Flax-lodd og sprang
Tatt på kamera hos Rema: Rett etterpå løyste tjuven inn premie på fem av lodda hos Rimi på Os.
Onsdag klokka 08.18 blei det oppdaga tjuveri hos Rema 1000 Kuvenstasjon.
– Ein mann tok ein bunke med Flax-lodd og sprang mot Klokkargarden, fortel kjøpmann Trond Hope.
Vedkomande er ein ung mann som var iført grøn t-skjorte, solbriller og caps då han var på Rema.
Vann fleire premiar
Hope har tatt opp jakta med bil, og har samstundes snakka med andre kjøpmenn i nærleiken.
– Nyleg har ein mann med same signalement løyst inn premie på fem Flax-lodd hos Rimi.
Premiane skal berre ha vore småsummar, men salsverdien på Flax-lodda er likevel høg.
– Han kan ha tatt lodd for over 1000 kroner, seier Hope, som skal til å varsla politiet.