Stal bil på Os
Blei tatt i Åsane dagen etter.
Politiet fekk fredag melding om tjuveri av bil i Os.
– Klokka 15 blei bilen funnen i Åsane. Det var to personar i bilen. Dei blei tatt og er plassert i arresten.
– Saka etterforskast vidare, og dei to skal i avhøyr seinare i dag, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.
Tatt i narkosak
Politiet tok også ein person i ein pågåande narkotikasak fredag.
– Det skjedde etter beslutning frå juristen. Sidan det er ein pågåande sak kor etterforskning framleis pågår kan vi ikkje kommentera den ytterlegare.
Politiet melder ellers om ei roleg natt i Os.
– Vêret har nok bidratt til at det var roleg i sentrum i natt. Vi har heller ikkje motteke meldingar om at vêret har skapt andre problem heller, avsluttar politiet.