Stal bil med sporing
Han var rusa og utan førarkort, mannen som kjørte frå Sunnhordland til Os i stolen bil måndag kveld.
Måndag kveld fekk politiet i Os melding frå kollegaer i Sunnhordland.
– Ein firmabil var stolen og bilen hadde sporing som viste at han allereie hadde reist til Os, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Ein patrulje frå Os fekk stoppa bilen, som framleis hadde retning nord, på E39 rett over grensa til Bergen kommune.
Førar var ein mann i 20-åra, utan førarkort.
Han er, i tillegg til bilbrukstjuveri og kjøring utan førarkort, mistenkt for kjøring i rus.
Det blei også funne mindre mengder narkotika i bilen.
– Vi kontakta politiet i Fana, som tok mistenkte med til blodprøvetaking, medan vi tok bilen han hadde stole med til Os.