Stakk innom på veg til jobb
Nytilsett politimeister Kaare Kjølberg Songstad nytta måndag formiddag til å vitja kollegane på Os lensmannskontor.
– Eg har allereie beklaga for kollegaene på lensmannskontoret at eg stiller i sivil, men det har med at eg bur i Haugesund, så eg hoppa berre av bussen på veg til kontoret for å komma hit i dag, unnskylder den relativt ferske politimeisteren.
Godt kjent i området
Frå 1. januar blei nemleg Kaare Kjølberg Songstad utnemd av Kongen i statsråd som ny politimeister i det nye Vest Politidistrikt. Det nye distriktet omfattar fylka Sogn og Fjordane og Hordaland.
– No er ikkje den søndre delen av Hordaland den eg kjenner dårlegst. Eg har vore mykje i Sunnhordland og kjenner geografien ganske godt. Då står det nok verre til med lokalkunnskapen i Sogn og Fjordane, men det er det eg no freister å retta på ved å vitje alle driftseiningane våre.
I tillegg kunne politimeisteren røpa at han har svigerfamilie på Vinnes.
Vil ha ein open dialog
På spørsmål om kva han har prata med kollegane på Os om på formiddagen fortel politimeisteren at han er oppteken av å orientera og å bli orientert.
– Eg er spesielt oppteken av ytringsklimaet i politiet etter Monika-saken. Det er ikkje til å komma unna.
– Korleis oppleves ytringsklimaet på Os då?
– Det er ein positiv greie her. Eg trur alle føler dei kan seie det dei vil, svarer politiførstebetjent Rune Fimreite.
– Politimeisteren har gitt eit godt inntrykk og har gitt klare signal på kva han ønskjer seg av organisasjonen i høve ytringsklimaet. Som eg har sagt til media tidlegare, så kling det godt i mine øyre, supplerer lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Ordføraren må venta på svar
Ordførar Terje Søviknes sendte tidlegare denne månaden eit tilbod til politimeisteren om ein ny politistasjon i tilknytning til beredskapssenteret på Moberg.
– Det er for tidleg å svara på dei funksjonelle sakene no. Først etter sommaren vil vi nok vera klare med kor dei geografiske driftseiningane vil bli plassert.
– Så det betyr at ordføraren må venta?
– Ja, han får nok ikkje noko svar på denne sida av sommaren, svarar Songstad, som heller ikkje vil lova meir midler til lensmannskontoret på Os.
– Politiet vil nok få det krevande ressursmessig både i 2016 og 2017, så eg vil heller kjøla ned forventingane enn å auka det. Samstundes så er politiet ei prioritert oppgåve og vi får fleire stillingar.
– Det at Os er ei vekstkommune har sjølvsagt noko å seie når vi vurderar kor ressursane skal fordelast, men korleis det endeleg blir er for tidleg å seie noko om, avsluttar politimeisteren før han hasta vidare.