Lokal | 12. apr. 2015

Stakk av etter utforkjøring

Ein bil full av ungdomar hamna utfor vegen natt til sundag. Etter eit vellykka søk med hundepatrulje blei det mange å ta blodprøve av.

Stakk av etter utforkjøring
Denne bilen hamna i grøfta på Søre Neset natt til søndag. (Lesarbilde).
Kari M. Lyssandsundag 12. apr. 2015 09:35

I 04.30-tida natt til sundag fekk politiet inn ei melding om ei utforkjøring ved Bjørnavegen på Halhjem.

– Då vi kom fram hadde dei som var i bilen stukke frå staden, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

Patruljen fann eit par av ungdomane, medan hundepartuljen fann resten av dei.

– Ei av dei som var med i bilen blei henta med ambulanse, men ho er ikkje alvorleg skadd.

Kven kjørte bilen?

Ingen av dei som hadde vore med i bilen inrømte å ha vore den som kjørte og det blei gjeve sprikande forklaringar.

Dermed blei alle dei involverte tatt med for blodprøvetaking.

– I dag har vi vore ute og gjort undersøkingar på staden og vi er ved godt mot at vi skal finna ut kven som kjørte bilen. Vi har allereie ein hovudmistenkt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.