Stakar ut kursen?
Lekteren Vivian la torsdag kveld til mellom Bjørnarøya og Ytterøya. Kvifor?
Kva gjer Molly her? skreiv Midtsiden 1. april i år, og følgte opp med ein spøk om at vegvesenet brukte den lokale arbeidsbåten til frakt av utstyr for grunnundersøking for ei eventuell bru over Bjørnafjorden.
Fleire beit på spørken og følgte den oppdikta oppfordringa frå brumotstandar Glenn Erik Haugland og møtte på Kobbavågen i protest.
Og torsdag kveld kunne det sjå ut som om aprilspøken blei sann, ein lekter la seg til innanfor Bjørnarøya, der fleire fryktar at ei bru frå Reksteren kan koma i land.
– Skal skifta stakar
Båten, lekteren Vivian, er eigd av FM Gruppen i Bergen si avdeling Fyllingen Sjø, og er ikkje på oppdrag for vegvesenet.
– Vi skal inn i Hauglandsosen og skifta fem stakar, seier dagleg leiar Jan Vidar Lie.
Nokre av stakane i sundet mellom fastlandet og Innerøya er øydelagde, andre er svekka.
– Vi skal fjerna dei som står der no og få nye på plass. Vi er hyra inn av Bergen og Omland Havnevesen, som har oppdraget for Kystverket, seier Lie.
Lekteren Vivian er 48 meter lang, 13,2 meter brei og har mudringskran med 30 meter bom og 20-tonns vire.