Stadig færre hjortepåkøyrsler
Positiv utvikling: Berre fem hjort vart påkøyrt i Os i 2015.
Statistikken ser stadig betre ut i høve talet på hjortepåkøyrslar i kommunen. Av dei fem dyra som vart påkøyrt i fjor var eit dyr dødt på staden, ein vart ikkje funnen att i ettersøket, og dei tre andre vart erklært friske etter samanstøyt med motorisert køyretøy.
Friskmelding
Ettersøksleiar i Os, Espen Andersen er glad for at talet går ned.
– Ein kan jo seia at osingane er blitt meir oppmerksame, eller at hjorten har hatt vet til å passa seg, ler han.
– Vi ser det er flest påkøyrslar sommar og haust. Dei vaksne dyra greier seg ofte godt etter ein samanstøyt, men kalvar og ungdyr er det verre med. Ofte kan vi friskmelda dei vaksne dyra.
På vandring
Andersen fortel at det er stort sett dei same dyra som vandrar på Bergenshalvøya.
– Delar av bestanden vandrar langt, medan andre dyr er meir stadbundne. Dei lærer seg fort kva som er farleg og ikkje, og særleg i Bergen ser ein at dei ofte ikkje stussar på å gå på besøk i hagane til folk.
Attraktive bøar og hagar
– Det er klart - dei kan gjera stor skade når dei først er i gang både i hagar og innmark. Bøndene merkar det nok godt også. Smaken på graset hjortane finn på dyrka område rundt om er nok betre enn det dei finn til fjells. I tillegg er det meir næringsrikt, og servert på ein enklare og kjappare måte enn den dei må leita etter. Med færre bønder blir nok belastningen større på dei som er att. Dette kan vera med å forklara kvifor hjorten ofte held seg nær befolka område, men det forklarar ikkje nedgangen i påkøyrslar, avsluttar Andersen.
Hjortepåkøyrslar i Os dei seinare åra:
2010: 11 dyr
2011: 13 dyr
2012: 13 dyr
2013: 8 dyr
2014: 8 dyr
2015: 5 dyr
(Kjelde: Hjorteviltregisteret)