Stå saman med folket i Palestina!
Lesarinnlegg, markering i Os 1. mai: I år vert det markert 50 år med okkupasjon av Palestina og 10 år med blokade av Gaza.
På 1. mai viser vi i Norsk Folkehjelp solidaritet med palestinarane og stør deira kamp for fred og rettferd.
Også her i Os vil folkehjelpa vera til stades med appell og bøsser 1. mai.
Etter 50 år med okkupasjon, fortsatt utbygging av busettingar, konfiskering av okkupert land og ein hard og brutal tiårig blokade av Gaza er den humanitære situasjonen heilt uhaldbar for store delar av den palestinske befolkninga.
Av 4,8 millionar menneske på Gazastripa, Vestbredda og Aust-Jerusalem reknar FN med at minst to millionar har behov for humanitær bistand i 2017.
På Vestbredda bur over 500.000 israelske busettarar i strid med folkeretten. 43 prosent av Vestbredden er i stor grad utilgjengeleg for palestinarar på grunn av desse busettingane og tilhøyrande infrastruktur.
Israel godkjenner stadig nye bustadar i busettingane, trass i at sikkerhetsrådet i FN har slått fast at busettingane på palestinsk jord er ulovlege.
I Gaza har dei 1,9 millionar innbyggarane i 10 år vorten behandla som innsette i eit gigantisk utandørs fengsel gjennom den israelske blokaden. Folk manglar straum og reint vatn, og økonomien er i ruinar. Mange bur i ruinane frå krigen i 2014, på grunn av restriksjonar frå israelsk side på innføring av byggemateriale til oppbygging. Dersom blokaden held fram har FN har varsla at området vil vera ueigna som bustadområde innan 2020.
Dette kan vi ikkje tolerera lengre.
Difor vil Norsk Folkehjelp nytta arbeidarrørsla sin internasjonale solidaritetsdag, 1. mai, til å stå saman med folk i Palestina og mot uretten dei opplever. Det gjer vi både ved å samla inn pengar til arbeidet vårt i Palestina, og ved å jobba politisk for auka støtta til Palestinarane si sak.
Pengane vi samlar inn går til Norsk Folkehjelp sitt arbeid i Palestina. Gjennom samarbeid med palestinske organisasjonar stør vi blant anna bønder slik at dei kan dyrka jorda sin og få rettshjelp til å verna den frå å bli konfiskert, og fiskarane som vert skoten på når dei er ute og fiskar og får beslaglagt båtane sine av israelske soldatar. Vi skulerer kvinner og ungdom slik at dei kan delta i samfunnsutviklinga, og vi underviser folket i Gaza slik at dei betre kan verne seg ved fly –og rakettåtak. Vi gir også naudhjelp til nokon av dei mest utsette palestinarane. Vi trur at folk forandrar verda.
Skal vi endra situasjonen i Palestina, må også det internasjonale samfunnet trø til.
Vi meiner Noreg bør ta grep som skil mellom Israel og dei ulovlege busettingane, og unngår økonomisk samkvem med bedrifter eller andre som stør opp om busettingane og okkupasjonen.
Noreg har investert mykje for å få til ein tostatsløysing i Midtausten. No er det på tide å handla aktivt før det er for seint.
Ein heilt konkret ting Norge kan gjera for å stø tostatsløysing, er å anerkjenna Palestina som stat. Ei norsk anerkjenning av Palestina vil styrka palestinarane sin forhandlingsposisjon i ein prosess der Israel har lagt alle premissane i over tjue år.
Det er samhald og solidaritet som gjev oss styrke til å endra verda. Difor skal vi stå saman med folk i Palestina, og stå i deira kamp. Den systematiske undertrykkinga av palestinarane kan ikkje halda fram.
50 år med okkupasjon er nok!
Vel møtt 1. mai i Os!
Yvonne Remes, leiar i Norsk Folkehjelp Os
Åse Vaksinen Sælensminde, rådgjevar i Norsk Folkehjelp