Lokal | 06. okt. 2011

Sprekk med over 100 mill

Skulebruksplanen sprekk med over 100 millionar kroner. Er ein nedleggingsdebatt til å unngå?

Sprekk med over 100 mill
Andris Hamretorsdag 06. okt. 2011 08:00

Komunaldirektør Ingvar Torsvik presenterte tysdag ein statusrapport for arbeidet med skulebruksplanen. I det store og heile held adhocutvala som arbeider med planane for dei forskjellege skulane skjema, men kostnadane har auka urovekkjande.

Frå dei 220 millionane inkludert mva som kommunestyret i oktober 2010 vedtok å nytta på skulebygga er tala no kome opp i mellom 267 og 292 millionar utan mva (334-365 mill inkl mva).

Framleis manglar delar av tomtekostandane knytt til den nye ungdomsskulen på Nore Neset.

- Vi må be om at tomtekostnadane blir lagt til, slik at vi ikkje lurer oss sjølv. Det er i alle fall naudsynt med areal som gjer at vi oppfyller dei normkrava som gjeld til areal, meinte ordførar Terje Søviknes (FrP).

- Eg er einig. I tillegg må ein få med kostnader knytt til gymsal ved ungdomsskulen i sentrum, sjølv om denne ikkje kjem no, sa Eirik Neverdal (TvS).

- Vi må vera flinkare til å ta høgde for alle kostnadane vi veit kjem i langtidsbudsjetta. Då er dette talet òg viktig å få med. Om ikkje anna enn som eit «fingeren i vêret»-tal, la han til.

Opna for strukturdebatt

Norvald Skåtøy (Ap), som hadde sitt siste møte i formannskapet, gav skryt til oppvekstsjefen for eit godt og strukturert dokument som var konkret og rett på sak.

- Sidan dette er mitt siste møte tillet eg meg å kasta inn ein brannfakkel.

- Kanskje vi må sjå på skulane og skulestrukturen for den framtidige drifta, kom det frå Skåtøy.

- Seier du det som enkeltperson eller kan vi hekta det på Ap, undra Søviknes med eit smil.

At fleire no har tenkt dei same tankene var tydeleg.

Då Midtsiden.no i valkampinnspurten spurte partia om kva dei ville gjera om ramma til skulebruksplanen skulle sprekka var KrF det einaste partiet som drog opp samanslåing av skulane som eit alternativ.

- Vi prøvde å starta debatten allereie i mai. Med dei tilskota vi får frå staten som ei kompakt kommune har vi ikkje råd til å ha ein så spreidd skulestruktur som vi har i dag, heldt Bondevik (KrF) fram i formannskapet.

Ønskjer politiske signal - no

Kommunaldirektør Torsvik var rask med å presisera at ein strukturdebatt ikkje var noko som kan koma ein gong i framtida, men at den måtte takast no.

- Vi er midt i debatten no. Eg ønskjer politiske signal om kva veg dykk vil vi skal gå.

Nok kapasitet?

Ordførar Terje Søviknes sat med eit gnagande spørsmål til Torsvik om ein no får eit pusterom til å prioritera eldre og helse når skulebruksplanen blir gjennomført, eller om ein som følgje av folkeveksten i løpet av få år får ein ny diskusjon om kapasitet og skule aust om elvo.

- I løpet av 6-10 år må vi ha ein ny skule aust om elva. Då ryker truleg Hegglandsdalen og Os til, meinte Torsvik.

- Eg er veldig lite komfortabel med å bruka ein heil haug med millionar på skular som vi kanskje om nokre år ser at vi vil legga ned eller slå saman med andre. Har administrasjonen vurdert nøye samanslåing av andre skular enn dei to du nemner no, undra varaordførar Marie Bruarøy (H).

Torsvik responderte med å dra opp problematikken med Søre Neset skule og Halhjem Barnetun, kor ein med å bygga nokre klasserom på Halhjem barnetun vil få ein fullverdig 1-7 skule.

- Og kor langt er det eigentleg over brua frå Strøno til Nore Neset? Vi veit brua er smal, men kor langt er det? spurte Torsvik retorisk, som svar på Bruarøy sitt spørsmål.

Formannskapet tok kommunaldirektøren si orientering til viten. Den vidare debatten kjem i samband med budsjetthandsaminga som startar 25. oktober.

- Då vil også dei partia som ikkje sit i formannskapet bli invitert til å vera med på budsjettkonferansen, avslutta ordførar Terje Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.