Lokal | 23. aug. 2013

Sprang til skogs

Politiet: Mopedist utan gyldig førarkort sprang til skogs då han så politiet. Vogntog på ville vegar i Hegglandsdalen.

Sprang til skogs
Vegen gjennom Rødsliane har begrensingar på kva køyrety som kan køyra der (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 23. aug. 2013 09:39

Då mopedføraren oppdaga politiet like i nærleiken av sin eigen heim kasta han frå seg mopeden i grøfta og sprang til skogs.

– Vi veit kven vedkommande var.

– Han blir meldt for køyring utan gyldig førarkort, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Stoppa vogntog

I 1230-tida torsdag fekk politiet melding om at eit utanlandsk vogntog var på veg opp Rødsliane og ut Hegglandsdalsvegen.

– Patrulja traff på vogntoget, stoppa det og tok hand om føraren.

– Det gjekk litt tid før juristen fekk utferdiga forelegget, så vi blei ståande ei lita stund.

– Føraren godtok forelegget og gjorde opp for seg på staden, seier Sperrevik.

Ku på tur

På kveldssida, i 2030-tida, fekk politiet melding om ei ku som låg i Lyseklostervegen.

– Vi snakka med folk og forsøkte å få tak i eigaren.

– Før vi kom så langt at vi fekk gjort noko meir med saka, fekk vi melding om at det hadde løyst seg av seg sjølv.

Kua hadde forlatt vegbanen og gått tilbake til å gressa på markene utanfor vegen.

Ein person som har fått ilagt besøksforbod på ein institusjon kan venta seg oppfølgjing i retten etter at han torsdag braut forbudet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.