Splitter pine!
DumDum Boys og Europe er klare for Tysnesfest.
Du kan seia kva du vil om trøndarar og svenskar, men tysnesingar veit å slå på strortromma når dei bookar band.
Frå før har arrangørane sleppt Sirkus Eliassen, Vamp og Morten Abel, onsdag kveld sender Tysnesfest ut melding om at også DumDum Boys og Europe blir å sjå på festivalen 10. til 14. juli.
DumDum Boys blei stifta i Trondheim i 1979 (skifta namn til DumDum Boys i 1985) og består i dag av Prepple Houmb, Kjartan Kristiansen, Aslak Dørum og Sola Jonsen.
Dei fekk Spellemannsprisen for debutalbumet Blodig Alvor (med blant anna låta En vill en) i 1988 og fekk sitt store gjennombrot med albumet Splitter Pine året etter.
DumDum Boys, som av mange blir sett på som Noregs beste rockeband, gav ut sitt førre album, Tidmaskin i 2009. I 2011 fekk dei Alf Prøysens Ærespris.
Svenske bestseljarar
Det svenske bandet Europe, med frontfiguren Joey Tempest, blei også stifta i 1979.
I løpet av 80-talet hadde dei aukande suksess og i 1986 erobra dei store delar av verda med The Final Countdown. Albumet har selt over tre millionar eksemplar!
Bandet har gjeve ut fleire album også i nyare tid, seinast det kritikarroste albumet Bag of Bones i 2012.