Lokal | 04. feb. 2015

Sperra Storumbakken

Tysdagen bydde på brann i varmepumpe, «haste-kapping» av rotvelta tre og uheldig sving i Storumbakken.

Sperra Storumbakken
Denne svingen blei litt for krapp. Hengaren glei av vegen og Storumsbakken blei sperra for trafikk. (Foto: Kari Marie A. Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. feb. 2015 09:55

Tysdag ettermiddag blei Lepsøyvegen FV 158 sperra av ein lastebil med hengar.

Lastebilen svingte mot Øyane i Storumbakken, ein sving som viste seg å bli for krapp, og hengaren glei av vegen.

Det heile løyste seg rimeleg kjapt og politiet har ikkje blitt varsla om episoden.

Tok motorsaga i eigne hender

Fredag fortalte ein Midtsiden-lesar om eit rotvelta tre som har hengt over Ulvenvegen i to veker, og om resultatlause forsøk på å få kontakt med vegvesenet.

I går blei treet felt.

– Det tok tid, for det blei ein diskusjon mellom vegvesenet og grunneigar om kven sitt ansvar det var å fjerna treet, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

– Vi ville ikkje venta lengre, så vi sperra vegen og brannvesenet stilte opp og fekk treet felt.

Brann i varmepumpe

I går fekk politiet ettermeldt ein brann.

– Ei varmepumpe tok fyr. Eigar sløkte sjølv, men varsla oss etterpå, fortel Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.