Lokal | 29. mars 2016

Spent på vinterferien

Det har vore ein bra påske i Osbadet. No er dagleg leiar Bård Alfstad spent på den komande veka.

Spent på vinterferien
Dagleg leiar ved Osbadet, Bård Alfstad, håper vinterferieveka blir like travel som påskeferien. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandtysdag 29. mars 2016 15:11

Påska i Osbadet har vore over middels bra og Alfstad er nøgd med at besøkstala var betre enn året før.

– Vi har hatt jamt med besøkjande alle dagane, med langfredag og 2. påskedag som dei travlaste dagane. Dette er vi nøgd med.

Osbadet var stengt onsdag og påskeaftan, då det er dagar dei tidlegare år har merka er lite besøkt.

– Desse dagane er ofte då folk forflyttar seg eller brukar på å handle inn til dei komande fridagane, så vi valde i år å halda stengt.

Populær Plaske

Også maskotane har vore ute og svingt seg i påska. Særleg Plaske er blitt så populær blant dei yngste at Alfstad no vurderer nye oppgåver for den blå havhesten.

– Vi lurer på å starta ein eigen Plaske-klubb for dei yngste borna.

Det er mange osingar som brukar Osbadet, men Alfstad fortel og om fleire folk som kjem utanfor kommunen som Fana, Ytrebygda, Osterøy og Askøy.

– Osbadet blir av fleire rekna som det mest oversiktlige og reinaste badelandet og det er fleire som føretrekkjer å ta turen hit.

Den store kundegruppa til Osbadet er barnefamiliar, men og eldre born som kjem utan foreldre og eldre mosjonistar er flittige brukarar av bassenga.

– Hovudtyngden er barnefamiliar, men vi favnar alle.

Tapte ei veke i februar

Januar, februar, mars og april er dei beste månadane for innandørs bading i Os, med vinterferien i februar og påskeferien i mars/april som to av dei beste vekene. I år blei det litt annleis då kommunen bestemte at vinterferien skulle flyttast til veka etter påskeferien.

– Vi tapte ei viktig veke i februar, det er ikkje alle som har råd eller moglegheit til å ta to veker ferie i mars, seier Alfstad.

– I tillegg så kan det vera dei same som tar turen i ferien i februar og i mars, men kanskje ikkje går to veker på rad. Eg trur ikkje vi er tent med å ha to veker samanhengande ferie. Det same høyrer eg frå fleire i reiselivsbransjen.

Han er spent på korleis veka vil utarta seg, og tysdag som er fyrste dag av vinterferien byrja roleg, men tok seg opp etterkvart.

– Det blir interessant å sjå korleis det går utover i veka, avsluttar Alfstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.