Fotball | 09. mars 2013

Spelte mot Bjarg og Fana

Os og Lysekloster har spelt nye treningskampar. Her er resultata til no i vinter, fem veker før seriestart.

Spelte mot Bjarg og Fana
– Eg har aldri sett Christer i så god form før sesongstart før, seier Nielsen etter kampen mot Bjarg torsdag. (Bilde frå kampen mot Bergen Nord førre veke. Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 09. mars 2013 09:10

Torsdag spelte Os treningskamp mot Bjarg og Lysekloster mot Fana.

Os slo Bjarg 3-2, Lysekloster tapte 1-4.

– Det var fint med ein siger over eit 3. divisjonslag igjen, seier trenar Tore Nielsen.

Det blei ein kamp med effektivt samspel mellom Mads Lepsøe og Christer Olsen. Mads spelte Christer igjennom på 1-0. Os låg under 1-2 til pause, men Mads og Christer skåra kvar sitt før slutt.

1-1 til pause

Lysekloster klarte seg lenge bra mot 2. divisjonsklubben Fana og det sto 1-1 til pause etter skåring av Kim Kleivedalen.

Men i 2. omgang blei naboane på den andre sida av Fanafjellet for sterke.

Siger i 5 av 10

I dag er det fem veker til seriestart, som for begge laga frå Os kommune finn stad på Kuventræ laurdag 13. april klokka 16.00.

Laga frå Os har spelt 5 treningskampar kvar. Os har vunne 3, Lysekloster 2.

Lysekloster har klart seg hakket kvassare mot laga begge har spelt mot, Fana, Tertnes og Bjarg.

OS
Os - Vadmyra 4-3
Fana - Os 2-7
Tertnes - Os 6-0
Os - Bergen Nord 4-2
Bjarg - Os 2-3

LYSEKLOSTER
Lysekloster - Bjarg 3-0
Tertnes - Lysekloster 5-2
Lysekloster - Krasnodar jr 3-0
Lysekloster - Fana 1-4

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.