Spelte inn med Hushovd
Bileter frå bak kamera: Bergen vil søkja sykkel-VM i 2017. No er videoen som skal promotera søknaden klar, med god hjelp frå gutane i Varde Film og Media.
Bergen satsar hardt på å bli vald ut som arrangør til sykkel-VM i 2017 med start og mål på Bryggen. For å overbevisa beslutningstakarane i det internasjonale sykkelforbundet har dei fått laga ein promoteringsvideo kor ordførar Trude Drevland og toppsyklist Thor Hushovd frontar søknaden.
Sjå videoen her (bt.no)
Med på produksjonsteamet har osingane i Varde Film og Media vore.
– Vi har levert kran og mannskap til produksjonen.
– Det vil seie at alle bileta som er filma frå lufta, med unntak av helikopterbileta inn over fjorden, er gjort med vår hjelp, fortel Anders Fløysand, dagleg leiar i produksjonsselskapet.
Filmen er produsert av Dunderland Filmkompani for TV 2 med regissør Finn Erik Rognan, best kjend frå Tour de France-sendingane.
Sjølvlysande 17. mai
Innspelingane har gått føre seg frå 17. mai til 8. november 2012.
– Det heile starta på 17. mai i fjor kor vi filma folkemassene på Torvallmenningen.
– Det var ikkje heilt lett å gøyma seg vekk blant festpynta bergensarar der vi sto i sjølvlysande gule regndresser.
– Vi prøvde å dempa oss litt med å pynta kranen med norske flagg, men lukkest vel ikkje heilt, ler Vegard Strønen.
I tillegg til innspelingane på Torvallmenningen har dei gått føre seg på Fløien, Gamlehaugen, Greighallen, Bryggen og på Sævrøyna i Nordhordaland.
Sjå klipp frå "behind the scene" på Fløien (bt.no)
– Filmen har blitt spektakulær og det er har vore eit stort prosjekt for alle involverte, avsluttar Fløysand.