Spelte høg musikk, igjen
Ein mann i Os sentrum risikerer å miste musikkanlegget sitt om han held fram med å spele høg musikk natterstid.
Politiet rykte i morgontimene ut til ein bustad i Os sentrum kor det blei spelt høg musikk.
– I følgje naboen, som meldte frå til oss er dette eit gjentakande problem. Omlag klokka 3 i natt blei meldar vekt av at naboen hadde kome heim frå byen og skrudd på stereoanlegget, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad ved Os lensmannskontor.
Sov på sofaen
Naboen freista å få musikkspelaren til dempa musikken, men lukkest ikkje.
– Han forsøkte å snakke til naboen, men blei i staden forsøkt slått til. Då vi kom til staden i 8-tida stod musikken framleis på og vi så mannen ligga sovande på sofaen.
– Vi forsøkte å vekke han gjennom vindauget, men lukkast ikkje å få kontakt med han. Vi fekk difor ikkje tatt oss inn i huset og slått av anlegget.
– Han vil bli meldt for å forstyrra offentleg ro og orden. I tillegg risikerer han å få musikkanlegget inndratt om det held fram, seier Rastad.
Leika med laserlys
Politiet har òg måtte ta frå to unge guter laserlys.
– Vi fekk melding om to unge gutar som leika med laserlys i går kveld. Vi rykte ut og snakka med gutane og foreldra deira. Foreldra samtykka i at vi kunne ta med oss laserpennene til destruksjon, avsluttar Rastad.