Kultur | 16. juli 2013

Speler på Festplassen i morgon

Onsdag kjem VG-lista topp 20, med blant andre Eirik Søfteland, til Bergen.

Speler på Festplassen i morgon
Sånn såg Festplassen ut i fjor. Eirik innfelt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 16. juli 2013 08:40

Onsdag 17. juli kjem VG-lista med gratiskonsert med artistar som har vore innom topp 20-lista det siste året.

Blant dei er osingen Eirik Søfteland. Og nokre andre osingar i bandet:

Idolfinalisten har med seg KingCalling-kollegaene Espen Austestad på gitar og Kjetil Osablod Grønvigh på trommer.

I tillegg stiller Olav Skorpen på bass, Erik Aasen (BoneShakers) på gitar og Kim Gulbrandsen (Pogo Pops/Audrey Horne) på keyboard.

I tillegg skal desse på scenen mellom klokka 18 og 20 onsdag ettermiddag:

• Astrid Smeplass
• Cir.Cuz
• DJ Broiler
• Envy
• Eva & The Heartmaker
• Fjorden Baby
• Kurt Nilsen
• LidoLido
• Robin og Bugge
• Sirius feat. Daniel De Bourg
• Truls

Konserten blir sendt direkte på VG TV og på P3.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.