Kultur | 02. des. 2018

Speler éin konsert på Vestlandet neste år

Aurora er klar for festival.

Speler éin konsert på Vestlandet neste år
Aurora på førre platecover. (Foto: Morgan Hill Murphy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. des. 2018 08:13

– Endeleg er ho tilbake! Som 17-åring var Aurora i 2014 første artist ut på Tysnesfest, og allereie då forstod me at dette var ein artist som ville få ei stor karriere, påstår festivalarrangørane i ei pressemelding i dag.

Aurora frå Lysefjorden i Os har i mellomtida erobra verda. Aurora har turnert i USA, Sør-Amerika, Australia, Asia og Europa, og spelt på ei rekkje av verdas største festivalar, inkludert Coachella. Ho har opptrådt på store tv- og radioshow både her heime og ute i den store verda: The Tonight Show starring Jimmy Fallon, Nobels Fredspriskonsert, Skavlan, The Late Show with Stephen Colbert, Howard Stern og Conan.

– No har ho tatt sjumilssteg ut i den store verda, og me er stolte over at me har klart å lokka Aurora tilbake til Gjerstad arena.

– Det er svært kjekt å få besøk av ei stor internasjonal stjerne som kjem berre ein liten ferjetur unna Tysnes. Tysnesfest blir einaste festivalen der ein kan oppleva Aurora på Vestlandet neste sommar!

I 2016 tangerte Aurora publiukmsrekorden i Oseana. Søndag om ei veke viser NRK dokumentaren om Aurora, laga av blant andre osingen Benjamin Langeland.

På scenen fredag

Debutalbumet «All my demons greeting me as a friend» har meir enn 200 millionar strøymingar og over 500.000 selde eksemplar. 22-åringen har opparbeidd seg ei stor fanskare med hits som «Running with the Wolves», «Runaway», «Forgotten Love», og «Queendom».

No er Aurora klar med ei ny plate: «Infections of a different kind – Step 1», som er første del av eit todelt album. Anmeldarane har vore frå seg av begeistring:

«Hun viser godt hvorfor hun er en artist for hele verden», skreiv til dømes Dagsavisen.

Aurora speler på Tysnesfest fredag 12. juli.

Frå før er det klart at Ina Wroldsen, Kjartan Lauritzen, D.D.E. og Skambankt speler på Tysnes i 2019.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.