Sparkar i gang A-lag igjen
Søre Neset IL blir igjen å finna i seniorfotballen etter at fleire "gamle" spelarar ville heim igjen.
På ei pressekonferanse torsdag fortalde styreleiar Bjarte Aarvik og trenar Frank Haugland at Søre Neset frå neste sesong igjen blir å finna i seniorfotballen og 7. divisjon.
– Vi har vald å kutta samarbeidet med Nore Neset. Den samarbeidsavtalen var i utgangspunkt for eitt år før den skulle reforhandlast, men den berre gjekk vidare. No har vi vald å bryte og i staden starta vårt eiga A-lag frå neste sesong, fortel dei to.
16 ville starta i år
Bakgrunnen for brotet er i hovudsak den folkeveksten ein opplever i krinsen og at fleire har kome til idrettslaget med spørsmål om ikkje klubben burde ha sitt eiga lag.
– Det var fleire gamle Søre Neset-spelarar som kom til oss og sa at dei ville heim igjen. Det er både aktive spelarar og folk som har lyst til å spenne på seg fotballskoa igjen.
– Faktisk hadde vi 16 mann som kom før nyttår og hadde lyst til å starta med ein gong, men vi sa at vi startar frå sesongen 2018, fortel Bjarte Aarvik, som heller ikkje legg skjul på at brotet med Nore Neset også til ein viss grad skuldast det samarbeidet Nore Neset inngjekk med Lysekloster utan å informera allereie eksisterande samarbeidsklubber.
Treng lokale forbilder
Frank Haugland, som også leier FFO-en på Søre Neset med heile 67 deltakarar, gler seg over å vera med rundt A-laget.
– Ungane her ute treng lokale forbilder som ei A-lag er. Difor gler eg meg til å komma i gang. Dei ordinære A-lagstreningane startar vi ikkje før etter sesongen, men allereie no kan dei som har lyst til å komma i gang stille måndag og torsdag klokka 20, så leiker vi oss litt med ballen, seier Haugland.
– Kva med rekrutteringa?
– Den er god. 2005 skulle gått til Nore Neset, men blir den eldste årgangen som vi no held vidare i Søre Neset. Vi har allereie hatt eit foreldremøte og dei ønskja å bli verande her. Nedover i årgangen er det god rekruttering med rundt 25 spelarar i kvar årgang, avsluttar Aarvik.