Lokal | 03. aug. 2013

Søviknes overtar Smak

Smak Catering fekk raskt eit godt fotfeste i Os. No vil ny eigar Frode Søviknes gje storkjøkkenet i Industrivegen fleire solide bein å stå på.

Søviknes overtar Smak
Frode Søviknes og Thor Morten Frey Sivertsen på storkjøkkenet (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 03. aug. 2013 09:46

– Dette er eit av dei beste produksjonslokala i Hordaland, sa tidlegare kjøkkensjef og seljar av storkjøkkenutstyr, Hans Petter Jørgensen, då han hausten 2009 starta Smak Catering i Os.

Les òg: Satsar på smak

No har Frode Søviknes Holding AS, eigd 100 prosent av Søviknes, kjøpt cateringselskapet.

– I tillegg til sunn etablert drift og godt omdømme i selskapet, får vi no hand om eit fantastisk kjøkken, seier Søviknes om produksjonslokalet i etasjen over Meny i Industrivegen.

Med seg på laget, som driftssjef, har han Thor Morten Frey Sivertsen. Han er utdanna kokk, tok lærtida på Hotell Neptun, var ni år i Sjøforsvaret, dei siste tre åra med overordna ansvar for forpleining – og har seinare variert sivil leiarerfaring innan kjøkken og mat.

Han var med å starta Adecco si avdeling i Bergen, der han blant anna rekutterte kokkar til ulike bedrifter, og har fartstid som marknadssjef i Bama Storkjøkken Bergen. Frey Sivertsen gjekk frå jobb i 4service, som driv med forpleining til storkantiner på landbaserte anlegg og offshore, då han gjekk til driftssjef-stilling hos Smak i heimbygda si.

Ole B og brakkehotell

Søviknes har frå før Narvesen-kiosk på Flesland, stort selskapslokale i naust vis a vis Lysøen og restauranten Ole B-stuene på Buena kai i Lysefjorden.

– I tillegg til eksisterande kundar vil Smak Catering allereie frå start supplera naustet mitt og Ole B-stuene på produksjon. Buffetane våre er veldig populære, i tillegg har vi ofte selskap i naustet parallelt med fullt hus på gourmetmåltid på Ole B.

– Her hos Smak har vi god plass og fem store kjølerom, og avstanden til Lysefjorden er kort. No kan kokkane våre på Ole B jobba i fred med det dei er best på medan vi tar førebuing og delar av produksjonen her inne.

Utanom Ole B har Søviknes ei tomt nær Os vgs i Kolskogen, eit drygt steinkast frå Smak sine produksjonslokale, der han skal bygga brakkehotell før arbeidet med E39 Svegatjørn-Rådal startar.

– Frå dette produksjonslokalet kan vi laga alle måltid til dei som i framtida skal bu i Kolskogen, og då slepp vi å bygga kjøkken i det planlagte brakkehotellet.

Nye storkundar

Jørgensen fortel at han blei invitert tilbake til kjøkkenutstyrs-bransjen, og derfor valte å selja det fire år gamle cateringselskapet sitt.

– Vi var nysgjerrige på om det var godt nok grunnlag i Os åleine for dette selskapet, og det var det. Eg har hatt fire fantastiske år med gode og hyggelege kundar.

– Men for nye drivarar med ønske og kompetanse om ei auke, er det eit stort potensiale for vekst. Berre siste året, då eg byrja å ta inn kundar utanfor Os, fekk vi inn fleire store kundar, og leverte både til Festspillene i Bergen og til fleire større firma.

Sjølv har Søviknes og Frey Sivertsen allereie nye, eksterne samarbeidspartnarar.

– Vi kjem til å leverera mat til selskap på Solsiden og vi er i gang med produksjon for eit anna firma som leverer til ei større kjede.

– Denne avtalen vil føra til eit betydeleg volum om ikkje så lenge, men den saka må vi koma tilbake til når alt er klart frå kunden si side, seier Frode Søviknes, travelt opptatt i nytt storkjøkken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.