Lokal | 18. des. 2016

Søviknes i regjering

NTB: Regjeringa skiftar statsrådar. Terje Søviknes blir olje- og energiminister.

Søviknes i regjering
Terje Søviknes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 18. des. 2016 17:50

Frp-statsrådane Anders Anundsen og Tord Lien er ifølgje BT, som refererer til NTB, og alle dei største riksavisene, på veg ut av regjeringa.

Anundsen og Lien skal sjølv ha ønska å tre tilbake. Erstattarar blir Per-Willy Amundsen og Terje Søviknes.

Det betyr at Søviknes blir olje- og energiminister.

Han har sete i Frp sitt sentralstyre sidan 2014, men dette blir for alvor eit comeback i rikspolitikken.

Amundsen blir justisminister.

Endringane skal etter planen bli offentleggjorte i samband med statsråd førstkomande tysdag klokka 16.

Olje- og energidepartementet, som blei oppretta i 1997, er organisert i fire avdelingar:
• Olje- og gassavdelingen
• Avdeling for klima, industri og teknologi
• Energi- og vannressursavdelinga
• Økonomi- og administrasjonsavdelinga
... samt Enhet for internasjonal koordinering og Departementsrådens stab:[3]

Som statsråd vil han neppe kunna halda fram som ordførar i Os, ei rolle han har hatt sidan valet i september 1999 (17 år).

Varaordførar er som kjent Marie Lunde Bruarøy (H).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.