Søviknes attvald til sentralstyret
Terje Søviknes blei på landsmøtet til Frp attvald til sentralstyret. – Det å få fornya tillit etter to år i sentralstyret betyr mykje for meg.
Frp hadde i helga landsstyremøte på Gardermoen. Etter ei lang helg med politiske diskusjonar blei heile det sittande sentralstyret attvald, men ikkje utan kamp.
– Det er berre sunt at det kjem utfordrarar og at vi må kjempa litt for å få sitta i partiet si leiing, seier Terje Søviknes som saman med justisminister Ander Anundsenog statssekretær Tom-Cato Karlsen blei utfordra av Tom Staahle, ordførar i Ullensaker og Åshild Bruun-Gundersen, fylkespolitikar i Aust-Agder.
– Val er alltid spennande. Eg var ikkje trygg før stemmene blei talt på søndag formiddag. Du veit på eit langt landsstyremøte frå fredag til søndag er det ikkje fritt for at det blir lobbyert kraftig både i pauser og seine nattetimer.
Søviknes fekk saman med Karlsen flest røyster av dei fem kandidatene.
– Eit talent
Søviknes fortel at motkandidat Åshild Bruun-Gundersen (29) etter ei ny valrunde blei vald inn som 1. vararepresentant til sentralstyret.
– Ho er åpenbart eit politisk talent. Det er kjekt å sjå at dei veks fram i lokalpolitikken. Eg er nøgd med å få ho med i partiet sitt lokalpolitiske utval som eg er satt til å leie, seier Søviknes.
Ser mot valet i 2019
Fordi han er leiar av det lokalpolitiske utvalet i partiet, ser Søviknes det nesten som ei forutsetning at han òg sit i sentralstyret.
– Etter det dårlege kommunevalet i fjor, satte vi ned allereie i oktober det lokalpolitiske utvalet som skal jobba med organisasjonsutvikling i partiet fram mot både stortingsvalet i 2017 og kommunevalet i 2019.
Møte med mykje indremedisin
Den rutinerte politikaren fortel om eit godt landsmøte.
– Det var naturleg nok mykje indremedisin, slik det gjerne blir i eit mellomår, men vi hadde gode politiske diskusjonar om trendane i norske samfunnet, herunder omkring utviklinga i olje-/gass-sektoren, flyktningesituasjonen, kunnskapssamfunnet og teknologiutviklinga.
2% av BNP til forsvaret
Den viktigste einskilde saken partiet vedtok handla om å ruste opp forsvaret.
– Vi var veldig tydelege på å ruste opp forsvaret. Høgre hadde den same diskusjonen på sitt landsmøte for nokre veker sidan men dei tidfesta ikkje ei auke. Vi seier klart og tydeleg at vi skal følgje NATO sitt mål om å bruka 2% av brutto nasjonalprodukt (BNP) innan 2024.
– I tillegg vil vi oppretta eit investeringsfond for forsvarsmateriell, på same måte som vi har gjort innan samferdsel, for å kunne løfte desse investeringane ut av statsbudsjettet og i staden bruke av oljefondet.
– Dette er eit taktskifte for satsing på forsvaret sett i lys av dei internasjonale endringane vi ser, til dømes med Russland sin aggressivitet på Krimhalvøya og den migrasjonen ein ser i Europa. Vi er inne i ei krevjande tid, slår Terje Søviknes fast.