Søre Neset slo Os 2
Remi Lindborg herja på Kuventræ igjen, for Søre Neset, som leia 3-0 før dei mista éin mann og fekk hardt press på seg i fredagens derby i 5. divisjon.
– Remi er jammen god. Dei leiar fortent og Lindborg utgjer mykje av forskjellen i dag, sa Os 2-trenar Terje Kvittingen etter at gjestane frå Søre Neset gjekk opp i 3-0-leiing minuttet ut i 2. omgang.
Remi var goalgetter for Os i opprykksesongen 2006, men har hatt fleire opphald frå fotballen. No ser han ut til å vera i form igjen.
I første omgang hadde Thomas Bahus og Robin Hjertnes sørgja for 2-0-leiing til pause.
– Gutane har nok sett for mykje på tabellen før dagens kamp, for Søre Neset speler godt i dag, synes Kvittingen.
Søre Neset har mista mange spelarar det siste året, som keeper Anders Kloven (Os), toppskårar-brørne Anders (Os) og Tore Kinden, Kjetil Henriksen, Ørjan Håland (Os), Torbjørn Hjelle, Vegard Engelsen Moberg (Os), Emilis, Frank Haugland og Kenneth Hufthammer (Nore Neset). Og dei har fått ein svak start på sesongen.
Os 2 - Søre Neset 2-3 (0-2)
Midt i 2. omgang fekk gjestane utvist Atle Gausland etter to taklingar og to gule kort. Så fekk dei press på seg og heimelaget byrja å skapa sjansar.
1-3 kom på heading av John le Johannessen, 2-3 på langskot av Thomas Mjelva.
Os 2 heldt fram med å pressa på, med Kjetil Kvåle boksa ball etter ball ut og godt midtforsvar ved Audun Røren og Svein Øvreeide sørgja for Søre Neset sin andre siger på 11 kampar.
– Kjetil og forsvaret sto veldig godt i dag. Kvåle hadde ein tigerredning i først omgang og vi er nøgd med dagens innsats på graset, som osingane er litt meir vant med enn oss, seier Søre Neset-kapten Andreas Pettersen.
Om Os 2 hadde vunne ville dei ha klatra frå 5. til 4. plass på tabellen 8 poeng bak serieleiar Bremnes. Søre Neset kom seg opp frå botnen før sommarferien med dagens trepoengar.