Sport | 06. apr. 2017

Sondre og Jonatan triksa med Azun

Han har levd av freestyle-fotball sidan VM-sigeren i 2010. Under Fritt & Vilt viste Azun kunstane sine saman med to talent frå Os.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. apr. 2017 11:15

Bildeserie:

F.v.: Aksnes, Azun, Brekke og Herre Hansen. (Foto: KVB)
F.v.: Aksnes, Azun, Brekke og Herre Hansen. (Foto: KVB)
1 av 1

– Frå no og utover er det oppdrag så og seia kvar helg fram til hausten, seier Anders «Azun» Solum (34).

I 2010 vann den tidlegare 3. divisjonsspelaren verdas største freestyle-konkurranse, Red Bull Street Style World Final i Cape Town, Sør-Afrika.

– Eg slutta å konkurrera i 2013. Det å halda show, i hovudsak på fotballcupar rundtom i Noreg, har gjort at dette sidan har vore fulltidsjobb for meg, seier Solum, som komande helg skal til Bodø.

Triksa i Bergen med lokale talent

Under Sportsmessen Fritt & Vilt i helga var Azun for fjerde gong for å halda show utanfor Grieghallen.

Her leika han seg i to opplåsbare fotballbingar saman med tilfeldige gjestar innimellom nokre trikseshow.

Der dreiv han òg å triksa saman med Sindre Herre Hansen frå Voss og Sondre Ødegård Aksnes og Jonatan Brekke frå Os.

• Sjå Sondre og Jonatan triksa saman på Eat Move Sleep-cup på Kuventræ i fjor

– Det er kjekt at dei kjem når eg er i Bergen, seier Azun, som har vore ei inspirasjonskjelde for dei tre yngre freestylerane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.