Kultur | 25. mars 2016

Sondre Justad på Såto

Tysnesfest tek med seg Sondre Justad for å spele på Såto. Oppfordrar publikum til å nytte ulike stier.

Sondre Justad på Såto
Tysnesfest har lagt opp sju forskjellige stier opp til Såto og konserten (foto: Tysnesfest/Google Maps)
Andris Hamrefredag 25. mars 2016 12:15

I fjor trakk Lars Vaular 1350 menneskjer opp til Såta. Tysnes sitt svar på Mount Everest i følgje festivalen.

– Når vi i år tek imot Sondre Justad på Såto, så ligg det godt ann til at vi kan knusa rekorden frå i fjor, seier Øystein Vaage i Tysnesfest.

Såto frå alle kantar

Den store folkevandringa i fjor gjorde at spesielt stien frå Myrdal blei godt slitt.

– I år vil vi ha fokus på at vi har mange stier som fører til Såto. Tysnesfjella er svært vakre og eignar seg godt for nydelege fotturer. For å unngå ei lika stor slitasje på stien frå Myrdal som i fjor har vi difor i år lagt opp heile sju moglege utgangspunkt fordelt rundt på øya, fortel Vaage.

Det finnst òg fleire stiar opp, men arrangøren har vald å fokusere på desse sju, som vil vera godt merka.

Basecamp Tysnesfest

I tillegg til konserten med Sondre Justad inviterar festivalen publikum til basecamp i fjellet.

– Vi inviterer i år publikum til fjells allereie onsdagen før konserten. Der vil vi leggje opp til ein minicamp på Gjerstadstølen og ein familiecamp på Ådnastegen.

– Vi ønskjer å vise fram det flotte fjellet vårt til flest mogleg og dette vil vera ei unik moglegheit til å gå opp til dei respektive campane og kosa seg i godt lag onsdagskvelden. Kanskje blir det eit akustisk musikalsk innslag òg.

– Campane er gode utgangspunkt for siste etappe opp til Såto for konserten på torsdag, avslutter Øystein Vaage.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.