Sport | 24. mai 2013

Søndag startar salet

Snart kan du sikra deg fiskekort i Oselvo, som i år har litt lengre sesong enn i fjor.

Søndag startar salet
Tor Åge Thuen tok årets Oskar i 2012, ein laks på 7,8 kilo. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. mai 2013 15:52

I fjor blei sesongstarten i Oselvo utsett til 15. juli, i år hadde både fiskarar og grunneigarar håp om tidlegare start.

Ingen av dei var nøgd i fjor, då opninga var utsett til 15. juli. På 80-talet var det sesongstart i april, seinare har det vore vanleg med startskot 1. juni.

– Hadde vi fått starta 1. juli i fjor, så hadde vi fått med oss den store oppgangen av fisk som var 2. og 3. juli, seier leiar for fiskeutvalet i Os jakt og fiskelag, Kjell Atle Mikkelsen.

Og sånn blir det i år, start måndag 1. juli, altså ved midnatt natt til måndag 1. juli.

Startar fiskekort-salet søndag og måndag

Søndag startar salet av fiskekort i Oselvo, men då for medlemmar i Os jakt og fiskelag.

Måndag kan gemene hop kjøpa fiskekort.

Det er MX Sport Os på Amfisenteret som står for salet.

God fangst likevel

Sjølv med berre to månadar fiske blei det tatt nesten eitt tonn med laks i Oselvo i 2012, 913 kilo (totalt, villaks, oppdrett og fisk som er sett ut igjen) mot 1.550 kilo året før.

Årets "Oskar" (første laks tatt av medlem i Os JF) gjekk til Tor Åge Thuen, som tok ein laks i Kremretten klokka 02.10 opningsnatta.

Den største laksen var det trulig Carl Corneliussen som tok da han halte på land en fisk på 12,8 kilo 24. juli, også det i Kremretten.

Fangsten i 2012

• Tert (under 3 kilo): 86 stk - 168,2 kilo
• 3 - 7 kilo: 96 stk - 451,7 kilo
• 7 kilo eller meir: 24 stk - 199,7 kilo
• Oppdrett: 22 stk - 48,2 kilo

Det ble ikkje fiska aure i Oselvo i 2012, og det er førebels ikkje plan om å opna for aure i år heller.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.