Sommarlege sambarytmer
På årets første jazzkafè, medan vind og haglbyger piska utanfor vindauga, fortrylla intimversjonen av Orquestra Cuba Tropical publikum med «varm» musikk.
Nærare 70 publikummerar hadde funne vegen til Oseana laurdag ettermiddag. Jazzkafeen var flytta ned i restauranten i staden for å halda til i foajeen. Alt frå ein steig inn dørene nådde smektande latinske rytmer trommehinnene. Det var nok fleira som kunne drøyma seg vekk til kvit sand mellom tærne, asurblått hav og temperaturar godt over det januar-Noreg kan skilta med.
Bandet består av Hades Hernandez (vokal og perk), HC Dalgaard (trommer og trës,) Sigmund Vik (bass) og Arve Ovesen (trompet og flygelhorn). Alle er heiltidsmusikarar.
– Bandet byrja å ta form i 2010. Vi har tre solide bein å stå på: tradisjonell buena vista, samba og timba, og jazz, fortel HC Dalgaard.
– Denne typen arrangement er ideell form for oss. Det er uformelt og god atmosfære.Men publikum har ikkje heilt forstått at det er heilt greit å danse viss dei vil! Vi ser det rykkjer i ein dansefot eller fleire her, og vi spelar jo dansemusikk.
– Vi har spelt fleire gonger på Os. Eg må seie det er veldig kjekt å vera her nede i restauranten. I foajeen er det litt trafikk, så kunstnerisk sett er det hyggjelegare å vera her. Flott utsikt er det òg, så her ligg alt til rette for ei god oppleving både for publikum og musikarar, avsluttar Dalgaard.