– Som å pussa opp badet
Bygginga av OHARA blir som å pussa opp badet. Det blir nokre ulemper underveg, men mykje betre etterpå, meiner entreprenøren.
Onsdag inviterte Os kommune naboar og andre til orienteringmøte om OHARA-prosjektet i Oseana. Om lag 50 interesserte fekk høyra om kva dei kan venta seg av rystelsar, støy og trafikk.
– Dette er det største einskilde investeringsprosjektet i Os kommune med ei kostnadsramme på 365 millionar kroner, fortalde ordførar Terje Søviknes (Frp), før han slapp prosjektleiar Johannes Håkonsund til for å orientera.
Turvegen blir lagt om
Håkonsund drog raskt gjennom historikken til prosjektet før han kom inn på dei ulike entreprisane og framdriftsplanen.
– Veidekke, som har den entreprisen for fjellsprenginga, vil halda på til januar/februar 2017. Totalt skal dei sprenga ut 106 000 kubikk fast masse, forklarte Håkonsund.
I samband med at ein vil legga om turvegen frå Ytre Moberg opp på Liafjellet mens arbeida pågår hadde prosjektleiaren ei oppmoding å koma med.
– Det vil vera vanskeleg å parkera i området i anleggsfasen. Vi ber om at folk ikkje parkerer på brannstasjonen, då dei treng desse plassane i beredskap om dei må rykka ut. Det vil bli lagt eigen turparkering når arbeidet er ferdig, men fram til då må ein nytta andre plassar for å parkera.
– Meld i frå
I dei førebuande fasane på prosjektet har konsulentar registert tilstanden på hus og murar i området kor sprengingsarbeidet skal gå føre seg.
– De kjem til å merka rystelsar når vi startar arbeidet med å sprenga på tunnellane. Om de får mistanke om skader på hus eller murar som følgje av rystelsane ber vi de melda frå til oss. Vi vil legga ut eit eige skjema både på kommunen si heimeside og i kommunetorget kor de kan registrera skaden med omfang, tid og stad, forklarte Håkonsund.
Håper på tre salver for dagen
Den første salva på forskjæringane til tunnellen vil truleg gå allereie måndag førstkommande. Tunnellane vil truleg bli drivne frå starten av oktober.
– Vi kjem til å jobba måndag til fredag frå 7 til 19 og frå 7 til 16 på laurdager. Frå november fram til sommarferien vil det gå slag i slag med tunnelldrift. Vi kjem til å driva den frå begge sider og håper på å ta ut omlag 3000 kubikk i veka, fortalde Jostein Vedåsen, prosjektleiar i Veidekke.
– Kor mange salvar må vi rekna med for dagen, lurte ein av naboane.
– Om alt går som vi håper vil vi klare tre om dagen. To frå den eine sida og ein frå den andre den eine dagen og motsatt den neste dagen. Slik vil vi driva fram til arbeidet er ferdig, forklarte Vedåsen.
– De vil nok oppleva at det er litt støy til tider, noko meir trafikk og at det ristar noko, men vi skal halde oss innan dei krava som er stilt. Gjengen som skal gjera jobben er den same som har drive ut parkeringsanlegget utepå Straume, så det er røynde folk. Blir det for mykje rystelsar vil vi gå ned på salvene, men det kan vera lurt å ta ned fat og tilsvarande om de har hengande det på veggen.
– Er det gjort spesielle tiltak for å sikra Kuhnlevegen. Den er jo ein skuleveg, lurte Arne Monsen.
– Nei, ikkje spesielle tiltak. Det er ikkje så massiv trafikk som skal ned der. Det blir to lastebilar som køyrer stein ned på tipp-plassen i Greidalen frå drivinga frå Ytre Moberg. Mykje av tunnellen blir driven frå nedsida og då vil ikkje massene bli frakta lengre enn til Greidalen, svara Håkonsund.
Vil overvaka konsekvensane
Ole Vidar Moberg uttrykte uro for å skulle mista vatnet.
– Vi er 14 hus på Moberg som er uroa for vatnet vår. Vi har seks private brønnar og det kan jo vera ei reell fare for at vi mister vatnet når sprengingarbeidet tek til. Har de ein plan på korleis de vil sikra oss vatn om det skjer?
– Om det skjer så skal vi skaffa dykk vatn, men vi har vurdert at det ikkje er så stor sjanse for at det skjer, svara Håkonsund.
– Vi har òg logga brønnane og vil følgje med på dei når arbeidet tek til. Slik vi vurderer det er risikoen liten, men ein kan ikkje utelukka noko. Difor vil vi følgje med og setta iverk tiltak om vi ser at det er grunn til uro. Ein eigen hydrogeolog vil følgja med på det, supplerte Ole Johan Valle frå Cowi.